natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Introduksjon til opplegget
Overordna læringsmål
Elevane skal kunne
- utvikle idear til produkt som kan kommunisere med internett
- formidle eigen produktidé og påpeke styrkar og svakheiter ved eige og andres arbeid
- samanlikne ulike typar elektromagnetisk stråling og beskrive korleis dei blir brukt i trådlaus kommunikasjon
- beskrive korleis eit elektronisk kommunikasjonssystem verkar, med internett som eksempel
Praktisk informasjon
Førebuing og utstyr
I kvar enkelt økt får du oversikt over det du treng i økta under Førebuingar og utstyr.
Elevhefte. Gjennom heile undervisningsopplegget skal elevane bruke elevheftet som arbeidsbok. Det er best om elevane jobbar digitalt med dette heftet. Elevheftet inneheld oppgåver og tabellar som skal brukast i dei ulike øktene, forslag til kjenneteikn på måloppnåing, og hjelpespørsmål som elevene kan bruke som støtte i arbeidet fram mot presentasjon av sin produktidé.
PowerPoint. Til alle øktene er det laga PowerPoint-presentasjonar som du kan velje om du vil bruke.
Gjennomføring
Til kvar økt er det ein detaljert tidsplan. Dette er eit forslag til korleis du kan gjennomføre økta for å få god nok tid til alle dei varierte aktivitetane. Du tilpassar økta slik det passer for deg og dine elever, men sett alltid av tid til oppsummering etter kvar økt.
Elevark. Under Førebuingar og utstyr finn du elevark (pdf- og Word-filer) som du skal skrive ut til elevane.
Omgrep. Omgrepa som skal ha ekstra fokus, er utheva i høgremargen for kvar økt. Forklaringa på kvart omgrep kjem opp når du klikkar på omgrepet.
Som forslag til utviding er det lagt til ei ekstra økt, Økt X. Økta inneheld teori og ei utforskande oppgåve om nær infraraud stråling. Aktiviteten er henta frå esero.no.
Didaktiske prinsipper
Djupnelæring
Hensikta med all undervisning er å få elevene til å forstå. For å oppnå djupnelæring bør undervisningsopplegget gå over ei viss tid, slik at elevane kan gå ordentleg inn i eit tema. Overordna læringsmål viser kva som er hovudhensikta med eit opplegg. Desse måla styrer kva for aktivitetar elevane skal gjere undervegs, og måla må henge saman med oppdraget som elevane skal løyse.
Motivasjon og tilpassing
Å gi eit oppdrag til elevane har til hensikt å motivere. Elevane må skaffe seg kunnskap for å løyse oppdraget, derfor skapar oppdraget eit behov for læring. Elevane kan sjølve velje korleis oppdraget skal bli løyst. I oppdraget skal elevene skissere ein idé om eit smart klesplagg som er ein del av eit elektronisk kommunikasjonssystem.
Relevans og bruk
Relevans handlar blant anna om å la elevane bli kjente med samfunnet utanfor skolen, kva for yrke som finst og korleis arbeidslivet fungerer. Relevans handlar også om kva elevane opplever som meiningsfylt, kva dei er opptatt av og vil lære noko om. I opplegget får elevene innblikk i korleis noko dei brukar dagleg, nemleg mobiltelefonen, eigentleg fungerer.
Utforskande arbeidsmåtar
Utforskande aktivitetar inneber både førstehandsundersøkingar der elevane gjer praktiske aktivitetar – og leseaktivitetar der elevane undersøker og finn ut noko ved hjelp av tekstar. Elevane må få tid til å tenke og finne ut kva dei sjølve trur. Tenk-par-del er ein god måte å få fram tankane til dei enkelte elevane og la dei setje ord på tankane sine til ein annan.
Språk og kommunikasjon
Det er variasjon mellom munnlege, skriftlege og digitale aktivitetar gjennom heile opplegget. Elevane må bruke naturfaglege omgrep både skriftleg og munnleg for å beskrive og diskutere faginnhald, grunngje og presentere sin produktide. Elevane skal presentere svaret på oppdraget gjennom ein film eller bilete.
Progresjon og vurdering
Til kvart tema er det valt ut sentrale omgrep som det blir jobba med på ulike måtar gjennom øktene. Alle omgrepa er synlege i alle øktene, men dei omgrepa elevane skal jobbe mest med i den enkelte økta er utheva. Det er viktig å bruke omgrepa riktig og å gjenta dei ofte og utfordre elevane i å bruke fagomgrepa sjølve. Da blir det ein progresjon gjennom utforskinga der omgrepsapparatet blir utvida og det blir naturleg å sjølv bruke dei riktige omgrepa.
Elevane blir tidleg i opplegget introdusert for kjenneteikn på måloppnåing slik at dei veit kva som blir forventa av deira produktidé og presentasjon. Forslag til kjenneteikn på måloppnåing ligg i elevheftet. I dette opplegget er det lagt opp til at elevane skal stille spørsmål til produktideane til dei andre gruppene, bruke nokre av kjenneteikna på måloppnåing til å vurdere kvarandre sine presentasjonar og gi kommentarar på presentasjon og produkt. Desse spørsmåla og tilbakemeldingane skal også inngå i vurderingsgrunnlaget. Det er viktig at elevane får tydeleg informasjon om dette på førehand. Det er utarbeid eit skjema til kvarandrevurdering som elevane kan bruke under presentasjonane.
Læringsmåla til kvar økt viser kva vi vil at elevane skal sitte igjen med etter økta. Måla er knytt til kjerneelementa naturvitskapelege tenkjemåtar, energi og materie og teknologi.
Gjennom øktene er det viktig å vere bevisst på korleis du kan sjå kva elevane har forstått. Mange av aktivitetane er gode utgangspunkt for undervegsvurdering. Gjennom ei diskusjonsoppgåve eller ei skriveoppgåve kan du få innblikk i kva elevane kan og forstår. I ein aktivitet som tenk-par-del får du innblikk i kva elevane har forstått. For å gi ei tilpassa opplæring, er det viktig å gi nok tid til tenke-delen, slik at alle rekk å tenke.