natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Introduksjon til opplegget
Praktisk informasjon
Førebuing og utstyr
I kvar enkelt økt får du oversikt over det du trenger i økta, under Førebuing og utstyr.
Elevhefte. Gjennom heile undervisningsopplegget skal elevane bruke elevheftet som arbeidsbok. Elevane kan jobbe digitalt med heftet. Elevheftet inneheld oppgåver og tabellar som skal brukast i dei ulike øktene, forslag til kjenneteikn på måloppnåing og hjelpespørsmål som elevane kan bruke som støtte i arbeidet fram mot framføring av sitt forslag. Etter kvar økt er det lagt opp til at elevane skal fylle inn ein tabell med det dei har lært i økta, og korleis dei kan bruke det dei har lært til å løyse oppdraget.
PowerPoint. Det er laga PowerPoint-presentasjonar til alle øktene som du kan velgje om du vil bruke.
Gjennomføring
Til kvar økt er det ein detaljert tidsplan. Dette er eit forslag til korleis du kan gjennomføre økta for å få god nok tid til alle dei varierte aktivitetane. Du tilpassar økta slik det passar for deg og dine elever, men hugs å sette av tid til ein oppsummering på slutten av kvar økt.
Omgrep. Omgrepa som det skal leggjast ekstra vekt på, er utheva for kvar økt. Forklaringa på kvart omgrep kjem opp når du klikkar på omgrepet.
Didaktiske prinsipp
Djupnelæring
Djupnelæring handlar om å få elevane til å forstå komplekse samanhengar og til å overføre kunnskap frå ein situasjon til ein annan. For å oppnå djupnelæring må elevane få moglegheit til å reflektere og sette ord på egne tankar.
I dette undervisningsopplegget skal elevane analysere eit teknologisk produkt, og dei skal reflektere over kva teknologi er og korleis teknologi utviklast. I samarbeid skal dei innhente og vurdere informasjon om ulike fasar i livsløpet til eit produkt og kome med forslag til ei forbetring som gjer produktet meir berekraftig. Vala dei tar, skal argumenterast for i lys av dei tre dimensjonane av berekraftig utvikling. Gjennom varierte aktivitetar får elevane moglegheit til å relatere fagomgrep og nye idear til eigne forkunnskapar og erfaringar. Slik organiserer elevane sin eigen kunnskap, dei vurderer nye idear og knyter dei til konklusjonar om teknologi og berekraft.
Motivasjon og tilpassing
Elevane kan velje mellom to oppdrag, enten å forbetre eit teknologisk produkt slik at det blir meir berekraftig eller å utvikle eit produkt som kan bidra til ei meir berekraftig utvikling. Dei skal også lage ei reklame for løysinga dei vel, der dei skal argumentere for korleis produktet eller løysinga bidrar til ei meir berekraftig utvikling.
Oppdraget skal motivere elevane og tilpassast deira interesser ved at oppdraga er forholdsvis opne, slik at elevane kan bruke eigne kreative evner og ta eigne val.
Relevans og kontekst
Oppdraget er knytt til teknologiske produkt og inneheld kreative oppgåver som er relevante for utdanningsprogrammet til elevane. Elevane skal lage og reklamere for ei løysing som kan vere aktuell både for utdanningsprogrammet, for framtidig yrke eller for elevane personleg.
Progresjon og vurdering
Alle omgrepa er synlege i alle øktene, men dei omgrepa som det jobbast mest med i den enkelte økta er utheva. Det er viktig å bruke omgrepa riktig og at dei blir gjentekne ofte, samt at elevane blir utfordra til å bruke fagomgrepa sjølve. Da blir det ein progresjon der omgrepsapparatet blir utvida og dei sjølve klarer å bruke dei riktige omgrepa.
Læringsmåla til kvar økt viser kva elevane skal sitte igjen med etter den enkelte økta. Måla er særleg knytte til kjerneelementa teknologi, jorda og livet på jorda og naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar. I kvar økt blir det lagd opp til ei oppsummering som er eit godt utgangspunkt for undervegsvurdering.
I elevheftet ligg det ein progresjonstabell med kjenneteikn på måloppnåing, slik at elevane veit kva som blir forventa av deira forslag til løysing og korleis dei reklamerer for løysinga. Dette kan læraren bruke for å gi tilbakemeldingar og rettleie elevane gjennom arbeidet med oppdraget. Progresjonstabellen kan også brukast som støtte til sluttvurdering av arbeidet til elevane. Det er viktig at elevane får moglegheit til å bli kjent med innhaldet i tabellen allereie i første økt, slik at dei veit kva som er forventa av dei og kva dei skal gjere for å nå læringsmåla.
Elevane skal også vurdere korleis dei andre gruppene svarar på oppdraget. På denne måten får dei øve på å vurdere både eige og andre sitt arbeid. Ressursar til kvarandrevurdering ligg også i elevheftet.
Språk og kommunikasjon
Det er variasjon mellom munnlege, skriftlege og praktiske aktivitetar gjennom heile opplegget. Elevane må bruke naturfaglege omgrep både skriftleg og munnleg for å beskrive og diskutere faginnhold, grunngi val og argumentere for desse. Elevane skal framstille svaret på oppdraget sitt gjennom ei reklame som kan vere skriftleg eller munnleg.
Utforskande arbeidsmåtar
Utforskande aktivitetar er gjennomgåande i heile opplegget. Elevane skal samarbeide om å utforske dei ulike delane av eit teknologisk produkt og reflektere over kvar i livsløpet det er mogleg å gjere forbetringar sett i lys av berekraftig utvikling. Dei må også bruke dei kreative evnene sine til å enten foreslå endringar av eller designe eit nytt teknologisk produkt eller system. Gjennom ulike typar gruppeaktivitetar og diskusjonar får elevane tid til å samarbeide om å kome fram til eit felles forslag til løysing på oppdraget og til å argumentere for på kva måte endringane bidrar til ei meir berekraftig utvikling.