Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Passer for
  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7
  • kjemi 2
Tidsbruk
  • 5 min

Pulver opp i flammar

Vekk oppmerksemda med ein flamme.

Læringsmål

- erfare at eit stoff brenn lettare med god tilgang på oksygengass


pulver opp i flammer

Legg ein liten haug med lykopodiumpulver i ei skål. Prøv å tenne på med ei fyrstikk. 

Legg pulveret i handa. Sett ei brennande fyrstikk mellom peike- og langfinger. Kast pulveret opp i lufta mot fyrstikkflammen og sjå kva som skjer med pulveret. Det krev litt øving å få pulveret til å tenne.

Kvifor trur du det er lettare å tenne på pulveret når vi kastar det opp i lufta?

Faglig forklaring

Oksygengass er nødvendig i ein forbrenningsreaksjon. Dersom vi prøvar å tenne på pulveret når det ligg i ein haug i ei skål, vil det berre svi seg litt. Når pulveret blir kasta opp i lufta, spreier pulveret seg og får god tilgang på oksygengass og brenn derfor lettare.

Kommentarer/praktiske tips

Dette er ein lærardemonstrasjon som vekker motivasjon og undring. Men pass på at ikkje brannalarmen går. Lykopodiumpulver er sporer fra planten kråkefot. Desse sporane er veldig brennbare, og små mengder kan lage store flammar.

Samanlikn gjerne med stålull som ganske lett tek fyr, i motsetning til ei stålplate. Og når vi fyrer opp eit bål, er det lurt å bruke små trefliser i staden for berre store kubbar.

Materialer og utstyr

  • lykopodiumpulver (heksemel)
  • fyrstikker

Nettressurser

(no.wikipedia.org)