Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Tidsbruk
  • 45–90 minutter

1. Lys og skuggar

1. Aktiver forkunnskapar om lys og skugge. Begynn med open diskusjon rundt spørsmåla:

  • Kva er lys?
  • Kva er skugge?
  • Kva skjer når vi held noko framfor lyset?
  • ... 

2. Utforsk lys og skugge. No kan elevane få utforske i grupper på to til fire elevar: Start med ei lommelykt per gruppe, og elevanes eigne hender. Dei kan lage skuggebilete på veggen, og sjå om dei kan få skuggen av ein gjenstand til å endre storleik, og kva som skal til for å gjere det.

Skuggen er der hvor lyset ville ha vore viss ikkje handa hadde stoppa det. Skuggen er der hvor lyset ville ha vore viss ikkje handa hadde stoppa det. Stoppar handa alt lyset, eller slepp noko av lyset gjennom handa? Stoppar handa alt lyset, eller slepp noko av lyset gjennom handa?

 

 

 

 

 

 


Utforsk og diskuter:  

  • Korleis kan vi lage ein skugge som er større enn handa?
  • Korleis kan vi lage ein skugge som er like stor (omtrent) som handa?
  • Kan vi lage ein skugge som er mindre enn handa?

3. Utforsk lys og materiale. Så kan du dele ut ulike materiale. Materiala kan grupperast i materialtypar, for eksempel ulike typar tre, glas i ulike farger, stoff i ulik tjukkleik og farge, ulike typar metall osv., eller dei kan sjå på eit materiale av kvar materialtype. Det er lurt at glas og aluminiumsfolie er to av materiala som er med, slik at dei får erfaring med desse materiala før dei begynner på utforsking 2.

Be elevane lyse med lommelyktene mot dei ulike materiala, og halde handa si på andre sida når dei skal undersøke transmisjon (og absorpsjon). Dei kan òg undersøke om det er mogleg å sjå lyset gjennom materialet og da samstundes seie noko om kor godt dei kan sjå det. Når dei skal undersøke refleksjon, kan dei halde handa ved sida av lommelykta, og sjå om noko av lyset reflekterer tilbake på handa.

Tips: Det er lurt å ha det så mørkt som mogleg i rommet.

Aluminium reflekterer veldig mykje lys. Derfor er aluminium ofte brukt inni speglar! Aluminium reflekterer veldig mykje lys. Derfor er aluminium ofte brukt inni speglar!  

 

Omgrepslæring: Dei fleste elevar har høyrt om refleksar. Sikre deg at alle veit kva ein refleks er, og kva som er eigenskapane til ein refleks. (Han kastar lyset tilbake. Ordet reflectare er latin og betyr "å kaste/bøye tilbake".) No kan du begynne å bruke verbet reflektere når du snakkar om lys som blir kasta tilbake, og få elevane til å bruke ordet når dei skal beskrive det same.

(Transmittere betyr å sleppe lys gjennom, og absorbere er å ta lyset opp i seg og omdanne det til varmeenergi. Du kan sjå an klassen din, og bestemme om du vil innføre desse omgrepa allereie no.)

 

4. Sorter data. Lag ei liste der elevane sorterer materiala frå minst til mest gjennomskinleg, og deretter ei liste der de sorterer etter kor mykje lys dei reflekterer. Gjennom klasseromsdiskusjon kan de bli einige om rekkefølgja. Kanskje de må lyse gjennom nokre materiale på nytt for å bli einige. Fortell gjerne elevane at forskarar heller ikkje alltid er einige, og at dei må diskutere og prøve ut ting på nytt – nokre gonger i mange år!

5. Lag tabell. For å utvide kan elevane lage ein oversikt eller fylle resultata inn i ein tabell. Her kan dei gjerne prøve å lage tabell heilt sjølv, men kravet er at ein annan fort skal kunne sjå kva for materiale dei har funne ut er mest gjennomskinleg og kva for eit som er minst. Dei kan teikne, skrive, nummerere resultata og/eller lage symbol i oversikta. 

6. Diskuter materiale og eigenskapar. Til slutt kan de diskutere i klassen kva dei ulike materiala kan nyttast til. Kva er fordeler og ulemper med å reflektere lys, eller å la lys sleppe gjennom, eller å blokkere lys fullstendig?

Oppdrag

Gå på jakt etter gjenstandar som er laga av ulike materale som nyttar refleksjon og transmisjon.

Materialer og utstyr

  • lommelyktar
  • refleksar
  • ulike materiale i ulike farger:
      • bomullsklede
      • klede i andre materiale
      • plast
      • glas
      • filt