natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Gjennomføring av økt 2
Undersøke sko. Del ut to ulike sko til kvart elevpar. Sei at dei skal undersøke desse skoa to gongar.
- Samanlikne eigenskapar til to ulike sko. Spør: Kva for eigenskapar er like og kva for eigenskapar er forskjellige? La elevane snakke samen to og to om kva for eigenskapar begge skoa har og kva for eigenskapar berre ein av skoa har. Oppsummer ved å la nokre elevar fortelje om eigenskapane til skoa dei undersøkte.
- Ulike stoff til ulike sko. Sei: Sko kan vere laga av mange forskjellige stoff, som tøy, plast, gummi, skinn, der dei ulike stoffa har ulike eigenskapar. Spør: Kva for stoff kan gummistøvlar vere laga av? [gummi, plast] Kva for eigenskapar har gummi og plast? [bøyeleg, vasstett]. Kva for stoff kan ballettsko vere laga av? [tøy] Kva for eigenskapar har tøy? [bøyeleg, ikkje vasstett] Kva for stoff er ein fjellstøvel laga av? [skinn, plast] Kva for eigenskapar har skinn? [ganske bøyeleg, ganske fast, toler vatn, solid] Be elevane undersøke ein av skoa ein gong til for å finne ut kva for stoff han er laga av. Oppsummer ved å la kvart elevpar vise fram skoen og fortelje om kva stoff som er brukt og kvifor.
Om stoff og eigenskapar til andre ting. Sei: Nå har vi undersøkt ulike sko. Har de nokon gong lurt på kva for stoff andre ting er laga av, og kvifor?
Gje dei nokre eksempel slik som: Kvifor trur de vindauge er laga av stoffet glas og ikkje tre? [Du kan sjå gjennom glas.] Bomull og ull er andre stoff, som ofte blir brukt til å lage klede. Kvifor er klede laga av bomull eller ull, og ikkje sement? [Bomullsstoff er lett og tøyeleg, ull er tjukt og held deg varm osv.]
Kople bilde og eigenskap. Del ut bildekort og ordkort til kvart elevpar. Be dei kople ordkorta til bilda, for eksempel kan dei kople eigenskapane «gjennomsiktig» og «hard» til bildet av vindauge. Sei at dei ikkje nødvendigvis skal kople eitt ord til eitt bilde, det kan vere fleire ord som passar til eitt bilde og fleire bilde som passar til same ord.
Oppsummer etter kopleaktivitet. Spør: Kva for eigenskapar har de kopla til basketballen? [rund, hard/mjuk, lett] Kva for eigenskapar har de kopla til vatnet? [gjennomsiktig, lett, glatt] Kva for eigenskapar har de kopla til koppen? [hard, lett, glatt, vasstett] Kva for eigenskapar har de kopla til ...? Sei: Eigenskapane seier noko om korleis stoffet er. Alle stoff har ulike eigenskapar. Eigenskapar er for eksempel korleis noko ser ut, luktar, smaker, kjennest, kva slags lyd det lagar.
Knyt stoff og eigenskapar saman. Bruk ein konkret gjenstand i klasserommet, for eksempel ein stol. Spør: Kva stoff er den laga av? Kvifor er den laga av akkurat dei stoffa? Kvifor har dei som har laga stolen vald akkurat dei stoffa?
Spør: Kvifor er det lurt å bruke tøy for å lage ballettsko? [tøy er bøyeleg]
Kvifor er det lurt å bruke gummi eller plast for å lage gummistøvlar? [gummi og plast er vasstett]
Kvifor er det lurt å bruke metall for å lage ein spikar og ikkje gummi? [metall er hardt, gummi er bøyeleg]
Kvifor er det lurt å bruke gummi for å lage støvlar og ikkje metall? [gummi er bøyeleg, metall er hardt og tungt]
At noko er hardt, lett, bøyeleg eller tungt er eksempel på eigenskapar til stoffa. Det er ein samanheng mellom kva stoff ein gjenstand er laga av og eigenskapane til det stoffet.
Kople til oppdraget. Kva har vi lært som hjelper oss til å løyse oppdraget? Bruk tenk-par-del [velje stoff etter kva skoen skal brukast til, etter kva for eigenskapar skoen skal ha].