natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Gjennomføring av økt 4
Ark 28. Nøkkelsetningar om forbrenning og krinsløpet. Repeter forrige økt ved å spørre kva elevane hugsar og ved å gå gjennom nøkkelsetningane:
Stoff som blir forbrent kan innehalde karbonsambindingar, for eksempel ved, bensin eller glukose.
Når karbonsambindingar blir forbrente, blir energi frigjord samtidig som det blir frigjord karbondioksid til atmosfæren.
Menneske slepp ut karbonsambindingar frå lager i det langsame krinsløpet mykje raskare enn naturen tar det tilbake til lagera. Det fører til at mengda karbondioksid i atmosfæren aukar.
Ark 29. Tenk-par-del. Bruk tenk-par-del til spørsmålet: Kva for tiltak kjenner de til som kan ta vekk karbondioksid frå atmosfæren?
Fortel at dei skal sjå nokre filmar som viser ulike tiltak, og sei at dei etterpå skal snakke om korleis karbon flyttar seg i dei ulike tiltaka.
Ark 30. Om karbonfangst og -lagring. Vis filmen. Bruk tenk-par-del: Korleis flyttar flyttar karbon seg i dette tiltaket? Kor blir karbon tatt frå og kor endar karbonet opp?
Ark 31. Om biokull i jord. Vis filmen. Bruk tenk-par-del: Korleis flyttar flyttar karbon seg i dette tiltaket? Kor blir karbon tatt frå og kor endar karbonet opp?
Ark 32. Om bevaring/dyrking av skog. Vis filmen. Bruk tenk-par-del: Korleis flyttar flyttar karbon seg i dette tiltaket? Kor blir karbon tatt frå og kor endar karbonet opp?
Ark 33. Om biodrivstoff. Vis filmen. Bruk tenk-par-del: Korleis flyttar flyttar karbon seg i dette tiltaket? Kor blir karbon tatt frå og kor endar karbonet opp?
Ark 34. Om bevaring av myr. Vis filmen. Bruk tenk-par-del: Korleis flyttar flyttar karbon seg i dette tiltaket? Kor blir karbon tatt frå og kor endar karbonet opp?
Ark 35. Kople til oppdraget. La elevane førebu kva for eit tiltak dei vil presentere. Dei kan velje eitt frå filmane eller noko anna.