natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
3C. Krypter koden
Ark 18 og 19 i presentasjonen. Fortel at helseopplysningar må krypterast slik at ikkje uvedkomande får tak i dei og misbruker dei.
Du skal no sende elevane ein kryptert melding:
Be elevane ha oppe Kryptert kode i elevheftet og ha blyant/penn klar.
Hald eit talkort med 0 i den eine handa og eit med 1 i den andre. Send eit kryptert ord på tre bokstavar der to og to tal i ASCII-koden byter plass. Elevane skal først notere ned bokstavane du sender, f.eks. LUS (følgande streng er kryptert):
10001100 10101010 10100011
Når elevane har notert den krypterte meldinga i skjemaet, kan du be dei raskt sjekke om dei ser kva som er sendt. Sei at om dei hadde fått meir tid er det kanskje nokon som hadde funne ut av krypteringa, men no skal dei få sjå krypteringsnøkkelen slik at dei kan dekryptere.
Ark 20 i presentasjonen. Vis krypteringsnøkkelen og be elevane dekryptere og deretter finne ut kva for ord du sende.
Etterpå ber du kvart elevpar om å lage sin eigen krypteringsnøkkel. Dei skal så kryptere eit ord som dei skal sende til eit anna elevpar. Nøkkelen skal dei gi til det andre paret som skal bruke han til å dekryptere ord elevparet sende.