natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
4B. Sampling
Ark 10–15 i presentasjonen. Gå gjennom eksempelet med sampling. I kommentarfeltet på ark 11 står det litt informasjon som kan vere til støtte.
Ark 17 i presentasjonen. Bruk tenk-par-del og spør elevane korleis dei dei trur vi kan å redusere feilen:
- Sample oftare. Det vil seie å ha fleire og tettare målepunkt på x-aksen
- Dele y-aksen inn i fleire nivå. Da vil vi trenge fleire bit per målepunkt for å få overført verdien (16 nivå = 4 bit, 32 nivå = 5 bit)
Ark 17 i presentasjonen. Be elevane finne fram oppgåva Sampling i elevheftet. Elevane skal jobbe i gruppa med å sample ved å først lese av bitstrengen og gjere han om til verdiar i titalsystemet. Etterpå skal dei teikne ein graf ut frå verdiane dei har førte inn i tabellen.
Ark 18–19 i presentasjonen. Vis elevane den opphavlege grafen. Be elevane samanlikne grafen sin med den opphavlege grafen, og la nokre kommentere kva dei ser. Vis eksemplet på korleis grafen kunne bli sampla.
Ark 20 i presentasjonen. Høyr med elevane om dei kan kome på nokre eksempel der dei har erfart at kvaliteten på mottatt signal er av dårleg kvalitet (strøyming av lyd og video vil nok vere dei vanlegaste svara).Vis YouTube-filmen på der elevane kan høyre forskjellen på eit musikklipp som har ulik kvalitet på samplinga (kbps).