natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
4D. Forberede presentasjon
Ark 24–26 i presentasjonen. Førebu elevane på å sluttføre løysinga på oppdraget. Dei skal først fylle ut tekniske data i skjemaet. Dette skal dei ta utgangspunkt i når de skal lage ein film eller ein bildeserie som dei skal vise for resten av klassa. Gå gjennom punkt for punkt av arket med dei tekniske dataa som ei oppsummering av alle øktene. Minn elevane på at dei også skal lage eit flytskjema for klesplagget som viser korleis informasjonen går, slik som dei tidlegare laga flytskjema for internett.
Ark 27 i PowerPoint. La elevane koma med innspel på korleis dei tenker at ein god presentasjon skal vere. Kva bør presentasjonen av det smarte klesplagget innehalde? Gå gjennom krav til presentasjonen.
Rettlei elevane undervegs i førebuingane, både på kva for punkt dei tenker å ha i det tekniske skjemaet og korleis dei vil utforme flytskjemaet. Dette gir deg god informasjon om kva elevane har forstått og kva du treng å forklare.
Ark 28 og 29 i PowerPoint. Gå gjennom kjenneteikn på måloppnåing med elevane slik at dei veit kva som er forventa av innhald og presentasjon. Fortel at dei også skal stille spørsmål og gi kommentarar til dei andre gruppene sine presentasjonar, og at det er ein del av vurderingsgrunnlaget. Minn dei på at kjenneteikn på måloppnåing og skjema for kvarandrevurdering ligg sist i elevheftet.