natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Førebuing og utstyr
- PowerPoint-presentasjon bokmål | nynorsk
1. Gjer deg kjent med læringsmåla (sjå førre side) og omgrepa som er sentrale i denne økta (markerte med utheva skrift).
2. Gjer deg kjent med / tilpass PowerPoint-presentasjonen dersom du vil bruke han.
3. Avklar kva utstyr elevane skal bruke for å lage film/bildeserie.
4. Lag ein "menti" (mentimeter.com) og skriv inn spørsmålet: Kva er det viktigaste du har lært av dette opplegget?
5. Lag eit tidsskjema og system for framføring og kvarandrevurdering av presentasjonane.
Etter kvar presentasjon skal gruppene lage spørsmål til presentasjonen, diskutere seg fram til ei vurdering og skrive ein positiv kommentar til produktidéen eller presentasjonen. Forslag til organisering og gjennomføring av presentasjonar og kvarandrevurdering:
- Elevane sit gruppevis og skal samarbeide om å stille spørsmål og å gi tilbakemeldingar til kvar presentasjon.
- Kvar gruppe har 3 minutt til å presentere sin produktide.
- Etter kvar presentasjon får gruppene 4 minutt til å samarbeide om å lage spørsmål og kommentarar som dei leverer til læraren, digitalt (f.eks. chat-funksjonen i læringsplattforma) eller på papir (for eksempel post-it lappar).
- Læraren vel ut spørsmål og stiller desse til gruppa. (Hugs å ta vare på spørsmåla da desse også er ein del av vurderingsgrunnlaget)
- Sett av 5 minutt til at gruppa får svare på spørsmåla.
Som grunnlag for vurdering inngår heile arbeidsprosessen; gruppa sitt arbeid med ulike idear, presentasjon, innlevert flytskjema, gruppa si evne til både å stille spørsmål og til å svare på spørsmål til sitt produkt. Støtte til vurderinga finn du i Kjenneteikn på måloppnåing som ligg i elevheftet.
Tips: Kvar gruppe leverer inn skjema for kvarandrevurdering når alle presentasjonane er gjennomført. På dette skjemaet har kvar gruppe skrevet ned minst ein positiv tilbakemelding på presentasjon og/eller produktidé. Til slutt kan du til kvar gruppe lage ei oppsummering på tilbakemeldingane dei fekk frå dei andre gruppene.