Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Tidsbruk
  • 5–10 minutt

XA. Infraraud stråling

Ark 1–4 i presentasjonen. Gå gjennom infraraud stråling.

 

Fagleg bakgrunn

Infraraud stråling blir ofte omtalt som varmestråling. Bølgjelengda til infraraud stråling er lengre enn synleg lys og er derfor ikkje synleg for oss. Infraraud stråling kan delast inn i infraraudt og nært infraraudt, og bølgjelengda til nær-infraraud stråling er kortare enn bølgjelengda til infraraud stråling. Når ein bruker eit varmekamera for å søke etter menneske er det infraraud stråling ein ser. Nær infraraud stråling har litt lengre bølgelengd enn synleg lys men kortare enn varmestråling. Vegetasjon reflekterer nær infraraud stråling. Derfor nyttas nær infraraudt kamera i jordobservasjon for å overvake korleis vegetasjonen på jorda endrar seg. Ved også å nytta denne typen stråling kan vi få meir informasjon enn berre ved bruk av synleg spekter.

Optiske kamera har ofte eit filter som filtrerer bort den nær-infraraude strålinga sidan dette kan være forstyrrande på biletet. Derfor kan ein gjere om eit kamera til nært-infraraudt ved å ta bort dette filteret, i tillegg til å leggje på filter som filtrer bort synlig spekter ved hjelp av to polariserande filmbitar som leggjast vinkelrett på kvarandre.

Det er viktig å understreke overfor elevane at ein nå får eit nær infraraudt kamera og ikkje eit termokamera. Eit termokamera ser Infraraud stråling som har lengre bølgelengd enn det optiske spekteret.

(https://www.esero.no/wp-content/uploads/2019/09/AMC-solstorm-str%C3%A5ling.pdf)