Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Tidsbruk
  • 20–30 minutt

XB. Studere nær infraraud stråling

Bruk bilda på ark 5 i presentasjonen til å vise elevane korleis dei kan hacke/modifisere eit web-kamera til å «sjå» nær infraraud stråling, eller vis filmen frå esa som viser framgangsmåten.

Gi elevane tilgang til elevarket digitalt. Legg fram dei ulike objekta som elevane skal observere, og be dei først observere objekta utan kamera (synleg lys), deretter gjennom det modifiserte web-kameraet (nær infraraud stråling + synleg lys). Elevane kan skrive observasjonane og forslag til forklaringar direkte inn i elevarket og eventuelt ta bilde som dei kan leggje inn i dokumentet.