natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Gjennomføring av økt 1
Ark 2–6 i PowerPoint-presentasjonen. Introduksjon og informasjon om opplegget. Presenter oppdraget, og sei til elevane at dei skal få tid til å diskutere kva oppdrag dei skal velje seinare i økta. Gje elevane ein oversikt over kva opplegget går ut på, og kor lang tid dei har til å løyse oppdraget.
Kva er teknologi? For å kunne løyse oppdraget må elevane blant anna vite noko om kva teknologi er.
- Legg bildekorta rundt i klasserommet slik at elevane kan gå rundt og kikke på dei. Be så elevane gå rundt, sjå på alle bilda, og så velje det bildet dei forbind mest med teknologi.
- Når alle har valt eit bilde, be dei gå to og to saman og fortelje kvarandre kvifor dei valde akkurat dette bildet. Sei at dei må følge godt med, for i neste omgang skal dei fortelje det som blei fortalt til andre elevar.
- Kvart par finn eit anna par, slik at dei blir fire personar på kvar gruppe. Nå skal alle på gruppa etter tur fortelje det dei blei fortalt i par i førre omgang. Så skal gruppa i fellesskap bli einige om kva for eitt av dei fire bilda som dei meiner visar noko viktig med teknologi.
- I plenum presenterer så kvar gruppe det dei kom fram til. Dei andre gruppene kan stille spørsmål.
Ark 7. Tabben som ble menneskets redning. Del ut artikkelen Tabben som ble menneskets redning. Elevane skal lese teksten og svare på følgjande leseoppdrag (sjå elevheftet s. 3):
- Marker i teksten nokre tilfeldigheiter som inntrefte på laboratoriet.
- På kva måte forbetra den nye teknologien verda?
Summer opp leseoppdraga i fellesskap.
Ark 8. Finn løysing på ei kvardagsutfordring. Sei til elevane at dei nå skal få ei utfordring som dei skal løyse på 10 minutt. Elevane skal jobbe i grupper på 3–4. Presenter utfordringa, som er å finne opp eit teknologisk produkt eller system som gjer det umogleg å forsove seg. Presiser at dette er ein tenkt situasjon, dei treng verken tenke på tekniske eller økonomiske avgrensingar. Dette er ei oppgåve som skal utfordre dei kreativt. Etter 10 minutt, la alle gruppene presentere si løysing på utfordringa.
Ark 10–11. Gå gjennom kva eit teknologisk produkt eller system består av. La så elevane få eit teknologisk produkt på kvar gruppe som dei skal analysere ved bruk av tabellen. Tabellen ligg i elevheftet s. 4.
Ark 12–13. Gi eksempel på fantastiske feil som har gitt oss nye teknologiske løysingar. Summer opp det som er gjort i timen, og la gruppene få tid til å diskutere kva teknologisk produkt dei vil velje å gå vidare med.
Ark 14–15. Summer opp hovudpunkta om teknologi, repeter oppdraget og summer opp kva vi har bruk for å lære for å kunne lage ei løysing.