natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Gjennomføring av økt 4
Oppdrag og kjenneteikn på måloppnåing. Les oppdraget for elevane, og minn dei på kjenneteikn på måloppnåing og støttespørsmål (sjå elevheftet s. 6–8).
Presentasjonar og tilbakemeldingar/kvarandrevurdering. Be alle gruppene notere i skjema til kvarandrevurdering (sjå elevheftet s. 8) under presentasjonene. Fortel at kvar gruppe skal vere «kritisk venn» til ei av dei andre gruppene og at dette inneber å bruke kjenneteikn på måloppnåing (og støttespørsmål) til å gi tilbakemeldingar på presentasjonen til gruppa. Fordel gruppene slik at kvar gruppe har ei anna gruppe som kritisk venn. Informer om at etter kvar presentasjon får gruppa fem minutt til å diskutere presentasjonen og førebu tilbakemeldingar. Sei at når kritisk venn har gitt sine tilbakemeldingar, kan dei andre gruppene supplere med kommentarar.
Gjennomfør presentasjonar og tilbakemeldingar etter planen.
Oppsummering. Bruk tenk-par-del , og spør elevane kva dei meiner er det viktigaste dei har lært av dette opplegget og kva som var mest utfordrande.