natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
Frø i mørket
Vil frøa spire i eit mørkt skap? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Det er kjent at grøne planter treng lys for å vekse. Derfor er det lett å tru at frø også treng lys for å starte veksten. Dette er ikkje tilfelle. Sjølv om nokre frø (for eksempel salat) treng noko lys for å bryte frøkvila, treng dei fleste frø ikkje lys. Var det slik at dei trong lys for å bryte frøkvila, ville ikkje frøa spire når dei ligg i jorda.
Kommentarer/praktiske tips
Kor mykje lyset har å seie for spiring kan undersøkast ved å bruke frø fra forskjellige artar. Ved slike forsøk må andre krav for frøspiring vere oppfylt (luft, fukt og varme). Lysmengda kan varierast, frå ingenting til sterkt, eller lys kan bli tilført som lysblink i staden for kontinuerleg.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre elev 1 sin forklaringa .
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
4. trinn
- utforske og sammenligne ulike dyre- og plantearters tilpasninger til miljø og levesteder og drøfte hvorfor noen arter dør ut (KM801)
-
10. trinn
- utforske sammenhenger mellom abiotiske og biotiske faktorer i et økosystem og diskutere hvordan energi og materie omdannes i kretsløp (KM824)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)