Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7

Å stå på hovudet

Korleis er blodsirkulasjonen når du står på hovudet? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning om å stå på hodet

Faglig forklaring

Korleis kjem blodet til hovudet? Ettersom hovudet er plassert over hjartet, må hjartet vere i stand til å pumpe blodet oppover, mot tyngdekrafta. Då skulle ein kanskje tru at blodet også vil fortsetje å strøyme til føtene dersom vi står på hovudet. Det er lenger å pumpe blodet opp til føtene når vi står på hovudet enn til hovudet når vi står på beina. Derfor må hjartet arbeide hardare. På same måte kjem ikkje blodet like lett tilbake frå hovudet som når vi står oppreist.

Kommentarer/praktiske tips

Vi kan observere endringar i blodsirkulasjonen. Dersom blodet forlèt beina raskare enn vanleg, blir dei bleike. Dersom blodet ikkje forlèt hovudet like raskt som vanleg, vil ansiktet bli raudt. Dersom hjartet må jobbe hardare, vil pulsen auke. Dette kan vi undersøke på ein frisk, frivillig forsøksperson.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Kropp og helse (KE71)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • gjøre rede for noen av kroppens organsystemer og beskrive hvordan systemene virker sammen (KM827)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Tverrfaglige temaer

  • Folkehelse og livsmestring (TT1)