natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
Iskrem
Kan kulde breie seg fra iskremen til handa? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Ordet ”varme” kan føre til mykje forvirring fordi omgrepet brukast både som substantiv og verb i dagligtale. ”Energi” er eit betre ord. Når partiklane i eit stoff beveger seg raskare, seier vi at det har meir indre energi eller varmeenergi (termisk energi). Dette vil seie at stoffet er varmare. Varme gjenstandar kan overføre energi til kaldare gjenstandar, men kalde gjenstandar kan ikkje overføre energi til varmare gjenstandar. Når det gjeld iskremen, vil energi overførast via skeia frå handa til iskremen. Skeia vil kjennest kald å halde i fordi handa mistar energi som igjen overførast til iskremen.
Kommentarer/praktiske tips
Det er vanskeleg å finne gode praktiske øvingar for å undersøke dette. Ein farbar veg kan vere å oppfordre til tankeeksperiment. Det kan være nyttig å resonnere rundt kva som skjer når gjenstandar blir varma opp eller kjølt ned, og kva for rolle tilførsel av varme har under prosessar som smelting og frysing.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
- Del klassa inn i grupper på tre elevar.
- Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
- Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
- Elev 3 skal summere opp.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
4. trinn
- undre seg, stille spørsmål og lage hypoteser og utforske disse for å finne svar (KM793)
- utforske observerbare størrelser som fart og temperatur og knytte dem til energi (KM800)
-
7. trinn
- stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere variabler og samle data for å finne svar (KM768)
- utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)
- bruke partikkelmodellen til å forklare faseoverganger og egenskapene til faste stoffer, væsker og gasser (KM829)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)