natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
Svart og kvit bil
Vil ein svart eller kvit bil få høgast temperatur når dei står i sola? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Hovedgrunnen til at ein bil blir varmare av å stå i sola, er at solstrålane slepp inn gjennom vindauga og varmar opp bilen. Men vindauga hindrar energien frå den oppvarma bilen i å sleppe ut igjen (drivhuseffekten). Dette vil vere likt for begge bilane. Men den kvite bilen vil reflektere meir av solstrålane enn den svarte bilen. Svarte overflater absorberer meir energi, og strålar ut meir energi enn kvite flater. Dersom dei begge blir treft av same mengde energi frå sola, vil normalt den svarte bilen bli raskare varma opp enn den kvite. Men han vil også bli avkjølt hurtigare enn den kvite bilen.
Kommentarer/praktiske tips
Dette kan naturlegvis bli undersøkt med ekte bilar, men det er enklare å demonstrere med enklare utstyr. To elles like boksar eller flasker kan bli måla den eine kvit og den andre svart, og med eit termometer eller ein temperatursensor inni. Det er nå mogleg å samanlikne temperatur på boksane etter at dei har stått ei stund i sola. Andre fargar på flaskene kan også bli testa.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
- Del klassa inn i grupper på tre elevar.
- Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
- Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
- Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)