natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 3-4
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
Radio (i boks)
Kva skjer med lydenergien når vi set ein radio inni ein boks. Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Energi blir ikkje skapt og går heller ikkje til grunne, slik at energien som blir overførd som lyd frå radioen må ende opp ein stad. Til slutt vil den ende opp med å få partiklane i lufta og i veggene på boksane til å vibrere litt raskare slik at boksen får litt høgare temperatur.
Kommentarer/praktiske tips
Dersom ein lydsensor og dataloggar er tilgjengeleg, er det mogeleg å vise at lyden ikkje blir samla opp i boksen slik at den blir gradvis sterkare. Det er også mogeleg å vise at auka vibrasjon eller rørsle kan resultere i høgare temperatur (f. eks. å drille i eit stykkje tre). Dette kan brukast til å vise kva som sannsynlegvis vil hende med boksen. Å måle temperaturendringane i boksen med radioen inni er komplisert, fordi batteria blir varme og vil overføre energi til boksen.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
Vg1 SF
- utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM818)
-
Vg1 IM
- utforske bølgefenomener knyttet til lyd og akustikk (KM757)
-
Vg3 Påbygging
- utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM734)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)