natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
Bønner
Diskuter utsegnene i grubleteikninga om bønneplantene sin vekst og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Bønner veks vanlegvis i ein spiral, men dei veks ikkje alltid mot klokka. Det kan vere mange forklaringar på kvifor klatreplanter veks i ein spiral. Den mest vanlege grunnen er at dei krøllar seg rundt det dei kjem bort i. Når bønner veks ved ein stokk, eit røyr eller eit nett vil plantene krølle rundt denne gjenstanden i ein kontinuerleg spiral og vekse oppover samtidig som dei krøllar seg.
Kommentarer/praktiske tips
Ei rekkje forskjellige faktorar kan undersøkjast for å finne ut kva som påverkar veksten til bønneplanta. Det er mogeleg å teste effekten av å røre planta på ulike måtar og vise korleis ho krøllar seg rundt det ho treffer.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)