natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
Livet i dammen
Kan dyr få for lite oksygen i ein vassdam? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Med mindre forholda er heilt spesielle, er det lite sannsynleg at fiskane vil bruke opp all oksygengassen i vatnet. Fisk har levt i dammar og innsjøar i mange år utan at oksygengassen er brukt opp slik at fisken døyr. Oksygengass frå lufta løyser seg heile tida i vatnet. Planter i vatnet sørgjer også for tilførsle av oksygen gjennom fotosyntesen.
Kommentarer/praktiske tips
Ei praktisk undersøking av denne situasjonen kan innebere at fisken vil lide eller døy, noko vi bør unngå. Med passande utstyr går det an å måle at oksygengass frå lufta løyser seg i vatnet og at planter vil auke mengda oksygen i vatnet i løpet av dagen. I tillegg kan vi undersøke korleis vasslevande planter tek opp karbondioksid løyst i vatnet gjennom fotosyntesen.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
- Del klassa inn i grupper på tre elevar.
- Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
- Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
- Elev 3 skal summere opp.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
10. trinn
- gjøre rede for hvordan fotosyntese og celleånding gir energi til alt levende gjennom karbonkretsløpet (KM805)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)