natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
Frø
Blir frø lettare eller tyngre når dei spirer? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Denne situasjonen liknar situasjonen i grubleteikninga "Egg". Men det at frø kan ta opp vatn frå omgivnadene, gjer at denne situasjonen er heilt forskjellig. På same måte som med egga vil frøa bryte ned næringsstoff, slik at det blir frigitt energi. Derfor vil tørrvekta til frøa bli redusert i starten av forsøket. (Tørrvekt er vekt etter tørking ved 95 °C). Men eit frø som startar spiring vil ta opp ein god del vatn. Derfor aukar den totale vekta til frøet. Etter at kimplanta kjem opp i lyset og fotosyntesen startar, vil tørrvekta til planta auke.
Kommentarer/praktiske tips
Å vege frø som spirer blir komplisert av to grunnar. For det første kan vi forvente ein nedgang i vekta fordi frøkviten blir forbrunne og det blir frigjort karbondioksid. Men samtidig vil vekta auke, fordi frøet tar opp vatn ved spiringa. Skal vi vege frøa kontrollert, må vi måle dei slik dei er, og tørrvekta. Tørrvekta finn vi etter å ha tørka frøa ved 95 °C slik at alt vatnet har fordampa. Etter ei slik behandling dør frøet. Dersom tørrvekta skal målast, vil veging av eit bestemt tal frø frå ei samling av like spirande frø gjere det mogleg for resten av frøa å vekse. Om frøa spirer lenge nok, vil skudda bli grøne og starte fotosyntesen, slik at situasjonen blir meir kompleks.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre elev 1 sin forklaringa .
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)