natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 3-4
- barnetrinn 5-7
Ballong
Blir ein ballong lettare når du blæs luft inn i den? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Ei vanleg forklaring er at luft ikkje veg noko eller at oppdrifta er større enn vekta. Som alle andre stoff består luft av partiklar. Sjølv om desse partiklane er veldig små, veg dei noko. Fordi luft har ei vekt, vil ein ballong som blir fylt med luft vege meir enn ein tom ballong. Jo meir luft det er i ballongen, jo meir vil den vege.
Ein ballong blåst opp med vanleg luft, dett til bakken. Det skjer fordi lufta inne i ballongen er pakka tettare saman enn lufta utanfor, den har større tettleik. Da er tyngdekrafta på ballongen større enn oppdrifta. Oppdrifta er like stor som tyngda av den lufta som ballongen har fortrengt med volumet sitt. Grunnen til at lufta i ballongen er pakka tettare saman, er at trykket i ballongen må vere like stort som lufttrykket utanfor og trykket frå det elastiske ballongmaterialet til saman.
Kommentarer/praktiske tips
Sjølv når vi bruker ei veldig følsam vekt og vi veg ballongen før og etter den blir blåsen opp, er det vanskeleg å måle ei vektendring. Dette skuldast oppdrifta som ballongen får i luft. I staden for å bruke ei vanleg vekt, kan det vere ein idé å bruke ei balansevekt. Legg to like store oppblåste ballongar på kvar side av balansevekta. Set ein liten teipbit på ein av ballongane før du forsiktig stikk hol på ballongen gjennom teipbiten. Elevane kan observere kva som skjer når lufta blir sloppen ut.
Det er ikkje nok at det er luft i ballongen, trykket i ballongen må vere større enn i lufta utanfor. Berre da vil tyngda av ballongen overvinne oppdrifta frå lufta.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
- Del klassa inn i grupper på tre elevar.
- Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
- Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
- Elev 3 skal summere opp.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
7. trinn
- utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)
- bruke partikkelmodellen til å forklare faseoverganger og egenskapene til faste stoffer, væsker og gasser (KM829)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)