natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Væsker
Kva kjenneteiknar ei væske? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Kva kjenneteiknar ei væske? I naturfag er ei væske eit stoff med eit konstant volum og varierande form. Det vil seie at ei væske kan forme seg etter behaldaren ho blir oppbevart i. Vi kan lett omforme ein klump modelleire. Modelleira vil behalde denne forma til vi (eller ein annen ytre faktor) endrar ho. Sand og salt ser ut til å kunne tilpasse seg forma til den behaldaren dei er oppbevart i, sjølv om dei er faste stoff. Kvar enkelt sand- eller saltpartikkel har ei bestemt form, som vi ikkje umiddelbart kan endre. Det er samlinga med sand- eller saltpartiklar som kan endre form på same måte som ei væske.
Kommentarer/praktiske tips
Elevane kan bruke ei vanleg lupe eller ei stereolupe for å sjå at sand- og saltpartiklar er små einingar med bestemt volum og form. Ved å sjå på fleire ulike stoff og å diskutere kva som gjer at noko er eit fast stoff, ei væske eller ein gass, vil det bli enklare for elevane å forstå definisjonane. Det kan vere nyttig å skilje mellom reine stoff og blandingar. Blandingar av stoff kan ha ulike eigenskapar avhengig av om dei er faste stoff, væsker, gassar eller kombinasjonar av desse.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
- Del klassa inn i grupper på tre elevar.
- Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
- Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
- Elev 3 skal summere opp.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
7. trinn
- utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)
- bruke partikkelmodellen til å forklare faseoverganger og egenskapene til faste stoffer, væsker og gasser (KM829)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)