natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
Kokande vatn
Diskuter utsegnene i grubleteikninga om koking av vatn, og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Ei vanleg kvardagsførestelling er at ei lita mengd vatn koker ved lågare temperatur enn ei stor vassmengd. Vi må tilføre ei stor vassmengd meir energi som varme enn ei lita vassmengd for å få ho til å koke. Men koketemperaturen er nøyaktig den same.
Kommentarer/praktiske tips
Ved å koke opp vatn i ein kjele, kan elevane undersøkje kor lang tid det tek å koke opp ulike mengder vatn med same effekt på plata. Dei kan måle koketemperaturen i kvart tilfelle. Elevane kan undersøkje kva konsekvens det har når plata står på låg og høg effekt. Det er ein fordel å bruke ein vasskokar sidan han har ein definert effekt som i hovudsak blir overført til vatnet. Elevane kan undersøkje kokepunktet til andre stoff som for eksempel saltløysing og mjølk.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
- Del klassa inn i grupper på tre elevar.
- Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
- Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
- Elev 3 skal summere opp.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
7. trinn
- utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)