natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
Fjell
Diskuter utsegnene om luft på fjellet i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Her er føremålet at elevane skal forstå at luft består av partiklar og kvar desse partiklane oppheld seg. Partiklane i rein luft er ulike gassmolekyl, for det meste nitrogenmolekyl og oksygenmolekyl. Desse partiklane forandrar seg ikkje når temperaturen eller høgda over havet endrar seg. Men jo høgare opp i lufta dei flytter seg, jo større blir avstanden mellom kvar partikkel. Sjølv om alle partiklane i luft flytter seg tilfeldig rundt omkring, sørgjer jorda sin gravitasjon for at dei ikkje forsvinn ut i verdsrommet. Gravitasjonen gjer også at det vil vere større tettleik av luftpartiklar ved foten av fjellet enn på toppen. Det er dette som gjer at atomsfæren til jorda er eit relativt tynt lag rundt kloden vår.
Kommentarer/praktiske tips
Her vil det vere naturleg at elevane arbeider med ulike informasjonskjelder og at dei diskuterer med utgangspunkt i eigne erfaringar og kjende analogiar. Det kan vere nyttig for elevane å ta for seg kvart av utsegnene på arket, deretter kan dei gi underbygde forklaringar på kvifor desse utsegnene stemmer eller ikkje stemmer.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
7. trinn
- utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)
- bruke partikkelmodellen til å forklare faseoverganger og egenskapene til faste stoffer, væsker og gasser (KM829)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)