Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Gatelys

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om lysstyrken i gatelys, og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Gatelys

Faglig forklaring

Ei vanleg kvardagsførestelling er at straumen startar i straumuttaket og går gjennom kvar lampe etter tur, slik at lampane nærmast vil bruke opp straum og lampane lengre unna vil få mindre straum og lyse svakare. Dette er eit eksempel på sekvensteikning og straumforbruksmodell. I røynda startar straumen i heile krinsen samtidig når den blir kopla til og er den same over alt i krinsen. Sidan leidningane er nedgravne i bakken og går inne i lyktestolpane, er det ikkje lett å sjå korleis krinsen er kopla, men det går an å tenkje seg til at lampane må vere kopla i parallell og ikkje i serie. Dersom dei var kopla i serie, ville alle lampane slokna dersom éin gjekk i stykkar sidan det då vil bli brot i den lukka krinsen.

Kommentarer/praktiske tips

Situasjonen på biletet kan undersøkjast ved å kople saman identiske pærer på ulike måtar. Effekten av seriekopling med identiske pærer kan sjåast ved at alle pærene lyser like svakt. Totalresistansen i krinsen er no summen av resistansen til alle enkeltlampane. Fleire pærer gir større totalresistans og dermed svakare straum gjennom krinsen. Spenninga over kvar pære er i denne krinsen identisk, og summen av spenningane er lik polspenninga på batteriet. Dersom pærene blir kopla i parallell, kan vi ikkje addere resistansen i pærene på same måte, men totalresistansen i krinsen søkk alltid dersom vi koplar komponentane i parallell. Når totalresistansen søkk, vil det gå meir straum i krinsen og lampane lyser sterkare. I ei parallellkopling vil spenninga over kvar pære vere like stor som polspenninga på batteriet. Lysstyrken til pærene avheng altså av korleis dei er kopla saman og ikkje av avstanden til straumuttaket.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om hvordan vi utnytter elektrisk energi i dagliglivet (KM777)
    • 10. trinn
      • gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Læringsressurs