natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
Straum
Diskuter utsegnene i grubleteikninga om straumen i ein krins, og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Sidan batteri blir oppbrukt etter ei tid, er det rimeleg å tenkje seg at "noko" må bli brukt opp i elektriske krinsar. Det virke rimeleg at meir straum kjem inn i lampen enn ut igjen (den såkalla "straumforbruksmodellen"). Intuitivt sett kan det verke ulogisk for elevar at straumen er den same i begge leidningane. Det er viktig å skilje mellom elektrisk straum (blir ikkje brukt i krinsen) og elektrisk potensiell energi (blir brukt i krinsen). Elektrisk straum gjer det mogeleg å overføre elektrisk potensiell energi frå batteriet til komponentane i krinsen. Sjølv om straumen er konstant i heile krinsen, er ikkje den elektriske energien konstant. For kvar komponent straumen passarar, får vi eit potensialfall (tap av elektrisk potensiell energi). Dette kan undersøkjast ved å kople eit voltmeter i parallell med ein komponent og sjå at det er forskjell i spenning mellom to punkt på kvar side av komponenten.
Kommentarer/praktiske tips
Elevane kan måle og sjå at straumen er konstant i krinsen ved å kople inn eit amperemeter i serie på ulike stader i krinsen. For å klargjere at noko går tapt, kan det hjelpe å bruke ein analogi med vasstraum gjennom sentralvarmesystem. Vasstraumen må (som elektrisk straum) vere den same gjennom heile systemet for at ikkje vatn skal hope seg opp. Men det varme vatnet avgir energi i radiatorane (slik elektrisk straum avgir elektrisk potensiell energi i komponentane) og er kaldare (mindre energirikt) når det kjem tilbake til fyrrommet. Vær klar over (og diskuter gjerne eksplisitt med elevane) at vassanalogien forklarer nokre sider ved straum og krinsar ganske godt, mens han har openberre svakheiter på andre punkt. Det kan også vere føremålstenleg å finne ut meir om dei kjemiske reaksjonane som skjer inne i batteriet.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
- Del klassa inn i grupper på tre elevar.
- Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
- Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
- Elev 3 skal summere opp.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Teknologi (KE68)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
7. trinn
- utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om hvordan vi utnytter elektrisk energi i dagliglivet (KM777)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)