natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
Elektromagnet
Diskuter utsegnene i grubleteikninga om elektromagnet, og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Magnetiske felt er viktige i det moderne samfunnet. Når det går straum i ein elektrisk krins, blir det eit magnetfelt rundt straumleiaren. Vi kan enkelt vise dette ved å bruke ein spikar eller eit anna objekt av jarn som kjerne inne i ein spole.
Kommentarer/praktiske tips
Vi kan undersøkje dei ulike alternativa som blir foreslåtte ved å kople opp krinsen vist i teikninga. Magnetfeltet kan bli påvist ved hjelp av eit kompass eller ved å studere tiltrekkingskrafta på f.eks. ein binders. Ved å undersøkje magnetfeltet rundt ein spole eller langs ein straumførande leidning, kan vi vise at magnetfeltet skuldast den elektriske straumen og ikkje jarnspikaren. Jarnspikaren gjer magnetfeltet sterkare.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Teknologi (KE68)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
7. trinn
- utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om hvordan vi utnytter elektrisk energi i dagliglivet (KM777)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)