natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 1-2
- ungdomstrinn 8-10
Skuggar
Er skuggen størst når du står nær ein skjerm eller nær ei lampe? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Skuggen vår blir større jo nærmare lyskjelda vi er, fordi meir lys da blir blokkert. I verkelegheita blir meir av lyset absorbert og reflektert tilbake av kleda våre. Dette lyset når derfor ikkje fram til skjermen kor vi observerer skuggen. Dersom vi er langt unna ei lyskjelde og beveger oss litt mot ho, vil vi ikkje sjå nokon forskjell på skuggen vår. Dersom vi tenker oss lyset som strålar, vil strålane peike ut frå lyskjelda i alle moglege retningar. I ei bestemt retning langt vekk frå lyskjelda vil strålane i praksis vere nesten parallelle. Sidan sola er langt unna jorda, vil lysstrålane frå sola vere nesten parallelle når dei treff oss. Størrelsen på skuggen vår blir derfor ikkje forandra om vi går mot sør (nærmare sola). Kor lang skuggen vår er, blir bestemt av posisjonen vår sett i forhold til sola. Ved ekvator står sola rett over oss klokka 12, og skuggen vår vil berre bli ein liten flekk rett under oss. Lenger mot nord er skuggen vår lengre ved same tidspunkt, fordi sola ikkje står rett over oss. Lengda av skuggen vår forandrar seg i løpet av dagen uansett kor på jorda vi er, fordi jordrotasjonen endrar posisjonen vår sett i forhold til sola.
Kommentarer/praktiske tips
Elevane kan undersøke dei ulike situasjonane som er beskrive på teikninga gjennom enkle forsøk. Ved å teikne korleis vi tenker oss lys og skugge, kan vi styrke ideen om at lys beveger seg i rette linjer.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)