natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
Grøne skuggar
Diskuter utsegnene i grubleteikninga om skugge, og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
I dei fleste tilfelle er skuggar svarte ganske enkelt fordi skugge er fråvær av lys. Eit farga filter slepp berre gjennom lys med bølgjelengda som tilsvarer fargen på filteret. Skuggen bak filteret vil derfor ha same farge som filteret, og den vil vere mindre mørk enn skuggen bak arket. Skuggen bak arket er svart fordi det ugjennomsiktige arket ikkje slepp gjennom noko lys.
Kommentarer/praktiske tips
Elevane kan undersøkje fargen på skuggen frå forskjellige gjenstandar ved enkle eksperiment. Ved å plassere gjenstandane på ei kvit overflate blir skuggane meir synlege. Dersom elevane bruker papir med blank overflate, kan refleksjonar medføre ei aning farge i ytterkanten til skuggen. Elevane kan samanlikne skuggen frå matte og blanke gjenstandar og frå gjennomsiktige og ugjennomsiktige gjenstandar. Dei kan også bruke lys med ulik farge (sett på filter framfor lyskjelda) og sjå korleis dette påverkar skuggane.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
10. trinn
- stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar (KM831)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)