natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 1-2
- ungdomstrinn 8-10
Lommelykter
Korleis lyser ulike lommelykter? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Effekten til ei lyspære (watt) påverkar styrken til lyset. Ei sterk lommelykt gjer at vi ser ein gjenstand betre, fordi ho sender ut meir lys slik at meir lys blir reflektert tilbake til auget vårt. Arealet av området som blir lyst opp, er avhengig av opninga på lykta og kor godt materialet rundt pæra reflekterer lyset frå pæra og sender dette ut. Effekten er viktigare enn størrelsen på lykta.
Kommentarer/praktiske tips
Her kan det vere nyttig å undersøke kor godt forskjellige lommelykter lyser opp ein bestemt gjenstand, og kor stort område (areal) dei lyser opp i gitte avstandar.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
- Del klassa inn i grupper på tre elevar.
- Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
- Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
- Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
2. trinn
- utforske og beskrive observerbare egenskaper til ulike objekter, materialer og stoffer og sortere etter egenskaper (KM786)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)