natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 1-2
- ungdomstrinn 8-10
Boks med spegel
Kva skjer om du lyser ned i ein boks som er kledd innvendig med spegel. Diskuter utsegnene i grubleteikninga, og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Dersom lys var ein fysisk substans, kunne vi ha forventa at lyset framleis var inne i boksen etter at den blei lukka igjen og at lyset kunne kome ut dersom vi opna boksen. I røynda blir alt lyset absorbert av den spegelkledde overflata inne i boksen. Speglane som absorberer energien til lyset, får ein svak temperaturauke.
Kommentarer/praktiske tips
Å opne boksen for og sjå om det kjem ut lys, vil vere problematisk med tanke på lysfarten. I prinsippet er det mogeleg å lyse ned i boksen, lukke lokket og opne det i eit heilt mørkt rom for å sjå om lyset kjem ut. Den beste måten å undersøkje dette på er å bruke dataloggingsutstyr med ein sensor inne i boksen som les av lysmengda før og etter at lokket er lukka.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
- Del klassa inn i grupper på tre elevar.
- Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
- Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
- Elev 3 skal summere opp.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)