natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 1-2
- barnetrinn 3-4
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
Sola om vinteren
Kvifor blir det kaldare om vinteren? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Om vinteren skin ikkje sola like sterkt ved jordoverflata eller like lenge som på ein sommardag. Sola har ikkje endra seg, men fordi jordaksen skrår, treffer solstrålane jorda med ein annan vinkel enn om sommaren. Om vinteren treffer solstrålane meir skrå og energien blir spreidd over ei større flate. Når det er vinter på den nordlege halvkula, er det sommar på den sørlege halvkula.
Kommentarer/praktiske tips
Desse fenomena lèt seg vise ved å bruke modellar eller simuleringar. Ein globus og ei sterk lyskjelde vil vere gode hjelpemiddel i denne samanhengen.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)