natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 1-2
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
Månefasar
Diskuter utsegnene om månefasar i grubleteikninga, og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Ei vanleg kvardagsførestelling er at fasane til månen skuldast at jorda kastar skugge på månen. Jorda kan kaste skugge på månen. Då får vi ei månemørking, men desse skjer ikkje kvar månad. Månen skiftar fase i løpet av ein månad fordi vi ser den solopplyste sida av månen frå forskjellige vinklar mens den går i bana si rundt jorda.
Kommentarer/praktiske tips
Her må vi også bruke modellar og simuleringar. Ei sterk lyskjelde saman med ein globus og ein liten kvit ball er gode hjelpemiddel. Ved å flytte den vesle kvite ballen rundt globusen og behalde den sterke lyskjelda på ein fast stad, vil vi kunne sjå månefasane på ballen.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
2. trinn
- planlegge og gjennomføre undersøkelser av vær og himmelfenomener og sammenligne målinger, observasjoner og værtegn gjennom året (KM789)
-
7. trinn
- beskrive og visualisere hvordan døgn, månefaser og årstider oppstår, og samtale om hvordan dette påvirker livet på jorda (KM803)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)