natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 3-4
- ungdomstrinn 8-10
Kompostbinge
Kva skjer med planteavfall i ein kompostbinge? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Kommentarer/praktiske tips
Kva rolle mikroorganismane har, kan vi vise ved å legge vegetabilsk avfall i ein behaldar som ikkje inneheld meitemarkar eller andre virvellause dyr. Litt jord eller kompost i behaldaren vil tilføre mikroorganismar som startar rotningsprosessen. Eit stort gjennomsiktig kar vil gjere det mogeleg å sjå planterestane utan å ta på dei. Vi kan studere innverknaden til meitemarkane i eit meitemarkterrarium. Dette er ein gjennomsiktig behaldar fylt med fuktig sand eller jord og nokre få meitemarkar. Vi må oppbevare meitemarkterrariet mørkt. Plasser planterestar på overflata og observer korleis meitemarken et dei.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
- Del klassa inn i grupper på tre elevar.
- Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
- Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
- Elev 3 skal summere opp.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
2. trinn
- utforske et naturområde i nærmiljøet og beskrive hvordan noen organismer er tilpasset området og hverandre (KM787)
-
4. trinn
- undre seg, stille spørsmål og lage hypoteser og utforske disse for å finne svar (KM793)
- utforske og sammenligne ulike dyre- og plantearters tilpasninger til miljø og levesteder og drøfte hvorfor noen arter dør ut (KM801)
-
7. trinn
- utforske og beskrive ulike næringsnett og bruke dette til å diskutere samspill i naturen (KM781)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Tverrfaglige temaer
- Bærekraftig utvikling (TT3)