natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 3-4
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
Resirkulering
Diskuter utsegnene i grubleteikninga om resirkulering av papir og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Det er fleire grunnar til å resirkulere materiale. Resirkulering kan vere nyttig for å gjenbruke knappe råmateriale, unngå miljøøydeleggingar ved framstilling av råmateriale, unngå uhandterlege eller skadelege avfallsprodukt i industrien eller for å minske energiforbruket ved produksjon av nye materiale. Hovudføremålet med resirkuleringa av papir er å minimalisere energiforbruket. Det krev mindre energi å lage nytt papir frå avfallspapir enn frå trær. Ettersom papir blir brote ned i naturen, vil ikkje papir hope seg opp i miljøet. Men resirkulering er framleis nyttig.
Kommentarer/praktiske tips
Det å leggje papir på ein eigna stad ute vil vise kor lett det blir brote ned. Elevane kan finne ut kva energimengd som er nødvendig for å lage nytt eller resirkulert papir og moglege konsekvensar dersom vi ikkje resirkulerer noko papir. (Det kan for eksempel vere eit auka behov for landareal for å dyrke trær eigna til papirlaging).
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
- Del klassa inn i grupper på tre elevar.
- Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
- Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
- Elev 3 skal summere opp.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
2. trinn
- utforske og beskrive observerbare egenskaper til ulike objekter, materialer og stoffer og sortere etter egenskaper (KM786)
- samtale om hvordan vi kan ta miljøbevisste valg og gjennomføre lokale miljøtiltak (KM792)