natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
Kaktuspiggar
Kvifor har kaktus piggar? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Kaktuspiggar viser tilpassing til eit hardt miljø på meir enn ein måte. Det lille overflatearealet hjelper plantene å minimalisere vasstapet, og dei spisse endane hindrar at den saftige stengelen/stammen blir spist. Kaktusar driv fotosyntese, dei får ikkje maten sin frå jorda. Sjølv om planter har eit vidt spekter av metodar å reprodusere på, veks det vanlegvis ikkje opp nye planter frå kaktuspiggar.
Kommentarer/praktiske tips
Nokre enkle praktiske undersøkingar kan vere nyttig. Elevane kan plante kaktuspiggar for å sjå om dei veks opp til nye planter. Dei kan plante kaktusar i vaska grus slik at plantene ikkje kan få mat frå jorda. Dette vil skaffe direkte bevis for desse to moglegheitene. Elevane kan undersøke dei andre påstandane ved å lese relevante tekstar, dataprogram og nettressursar.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
4. trinn
- utforske og sammenligne ulike dyre- og plantearters tilpasninger til miljø og levesteder og drøfte hvorfor noen arter dør ut (KM801)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)