natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
Fallrørsle
Korleis påverkar vekt og storleik korleis ein gjenstand fell? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Situasjonen på dette biletet kan sjåast i samanheng med grubleteikninga om strikkhopparar. Sjølv om tyngdekrafta er større for ein tung gjenstand enn for ein som er lett, er tyngda sin akselerasjon den same for alle gjenstandar. Det betyr at ein tung og ein lett gjenstand har same akselerasjon og dermed fell med lik fart (i lufttomt rom).
Når ein gjenstand fell fritt i lufttomt rom, verkar berre tyngdekrafta. Når ein gjenstand fell i luft, verkar både tyngdekrafta og friksjonskrefter. Denne typen friksjon kallar vi i daglegtalen luftmotstand (gjenstanden fell då ikkje lenger fritt). Når gjenstanden fell gjennom lufta, trekker tyngdekrafta gjenstanden nedover, mens friksjonskrafta frå lufta verkar oppover og bremsar gjenstanden. Da vil tyngdekrafta vere størst på den tunge gjenstanden, og da vil denne falle fortast. Dersom gjenstanden får falle «langt nok» i luft, vil den før eller sidan nå den maksimale fallfarten sin (terminalfart). Ved denne farten er farten til gjenstanden konstant, akselerasjonen er følgeleg null og gravitasjonskrafta og luftmotstanden er like store (men motsett retta).
Viss gjenstanden fell i luft, har storleiken effekt fordi luftmotstanden blir større jo større gjenstanden er. Fjøra og papirarket fell sakte. Dette skuldast at dei har stor overflate som medfører stor luftmotstand.
Kommentarer/praktiske tips
Elevane kan undersøkje om noko kan gjerast med papirarket slik at det fell raskare: brette det saman eller forme det som ein pil. På same måte kan dei teste ut om det å orientere fjøra på forskjellige måtar påverkar fallfarten.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)