natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 3-4
- barnetrinn 5-7
Trommer
Diskuter utsegnene i grubleteikninga om trommer, og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Ei rekkje faktorar påverkar kva slags lyd som kan produserast av ein hol gjenstand, blant anna forma, volumet og måten vi slår på gjenstanden. Generelt kan vi seie at store trommer lagar lydar med djupare tone enn mindre trommer. Men det finst situasjonar som endrar dette biletet. Trommeskinnet på ei stor tromme kan vere stramma meir opp enn på ei mindre tromme, noko som gir ein lysare tone.
Kommentarer/praktiske tips
Elevane kan utforske lyden frå vibrerande gjenstandar. Observer lyden frå forskjellige hole behaldarar og elastiske gjenstandar som strikk.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
- Del klassa inn i grupper på tre elevar.
- Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
- Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
- Elev 3 skal summere opp.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)