natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 3-4
- barnetrinn 5-7
Øyretrompet
Diskuter utsegnene i grubleteikninga om øyretrompeten, og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Øyretrompeten verkar som ein trakt som samlar meir lydenergi enn det som normalt når øyret vårt, slik at lyden blir sterkare. Det blir omtrent som å ha eit veldig stort øyre på den eine sida av hovudet! Sjølv om du høyrer lyd frå begge sider av hovudet, blir lyden sterkast dersom øyretrompeten peikar i den retninga lyden kjem frå.
Kommentarer/praktiske tips
Det er mogeleg å lage ein enkel modell av ein øyretrompet av eit samanrulla ark. Ved å vurdere kvar lyden kjem frå og kor sterk han er med og utan øyretrompet, kan elevane undersøkje effekten av øyretrompeten. Elevane kan også lage øyretrompetar av forskjellig storleik og undersøkje korleis dette påverkar effekten. Her er det også mogeleg å bruke dataloggingsutstyr.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
- Del klassa inn i grupper på tre elevar.
- Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
- Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
- Elev 3 skal summere opp.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
10. trinn
- gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)