natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 3-4
- barnetrinn 5-7
Støy på bussen
Diskuter utsegnene i grubleteikninga om refleksjon av lyd, og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Idéen om refleksjon i grubleteikninga om lyd blir her utvikla vidare.. Harde, blanke og polerte flater reflekterer lyd godt. På bussen finn vi mange slike typar overflater og det blir dermed mykje støy. Ved å bruke meir mjuke materialar som gardiner, teppe og stoffsete vil lyd absorberast og fjerne ein del støy.
Kommentarer/praktiske tips
Elevane kan undersøkje situasjonen på biletet ved å samanlikne kor godt forskjellige materialar og overflater reflekterer lyd. Her vil lydsensorar og dataloggarar kunne brukast. I denne aktiviteten vil det også vere naturleg å finne fram til informasjon om korleis lyd forureinar omgivnadene våre og kva som blir gjorde for å hindre dette.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
- Del klassa inn i grupper på tre elevar.
- Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
- Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
- Elev 3 skal summere opp.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Teknologi (KE68)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
10. trinn
- gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)