Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7

Månevandring

Kan ein astronaut på månen høyre lyd, dersom han ikkje har på hjelm? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Månevandring

Faglig forklaring

I motsetning til lys og radiobølgjer som er elektromagnetiske bølgjer, kan ikkje lydbølgjer breie seg i tomt rom. Lyd må ha eit medium å breie seg i. Sidan det ikkje er nokon atmosfære på månen, kan ikkje astronautane høyre dersom dei tek av seg hjelmen. Astronautane ber med seg luftbehaldarar slik at dei kan puste og høyre radiosignal frå høgtalarar inne i hjelmen. Sidan lyd kan breie seg i materialet hjelmane er laga av, er det mogeleg for astronautane å kommunisere via lyd dersom hjelmane rører kvarandre.

Omgrepet eter blei innført fordi forskarar trudde elektromagnetiske bølgjer også måtte ha eit medium å breie seg i. Slik er det ikkje i røynda, men omgrepet eter blir framleis brukt i daglegtalen. 

Kommentarer/praktiske tips

Det er vanskeleg å undersøkje situasjonen på biletet fordi det er vanskeleg å lage vakuum (lufttomt tom). Dersom skolen har ei vakuumpumpe og ei glasklokke der ein kan pumpe ut luft, kan fenomenet illustrerast. Legg ei ringjeklokke inne i glasklokka og pump ut lufta. Då kan vi ikkje høyre at det ringjer.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • Vg1 SF
      • utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM818)
    • Vg1 IM
      • utforske bølgefenomener knyttet til lyd og akustikk (KM757)
    • Vg3 Påbygging
      • utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM734)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)