natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 3-4
- barnetrinn 5-7
Radio (under vatn)
Kan du høyre lyd frå ein radio under vatn? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Lyd brer seg lett både i luft og vatn. Så i prinsippet skal det vere mogleg å høyre radioen både i luft og i vatn (så lenge han er vasstett). Om lyd vil krysse grenseflata mellom vatn og luft eller luft og vatn, er eit meir komplisert spørsmål. Dette avheng av i kva grad lydbølgjene på radioen blir reflekterte i overgangen vann/luft. Lyd blir leidd betre gjennom eitt enkelt medium enn mellom to medium.
Kommentarer/praktiske tips
Elevane kan undersøkje situasjonen på biletet ved å leggje ei vasstett eller innpakka alarmklokke i eit kar med vatn og lytte til lyden som blir danna under vatn. Symjebasseng gir gode høve til å teste dei ulike alternativa. Forsøket kan gjerast i liten skala ved å halde for eitt øyre og ha det andre i ein behaldar med vatn og registrere når lyd kan høyrast.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)