natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 1-2
- barnetrinn 5-7
Sølevatn
Diskuter utsegnene i grubleteikninga om filtrering av sølevatn, og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Her er føremålet at elevane skal undersøkje om filtrering fangar opp både oppløyste stoff og stoff som ikkje er løyst opp i sølevatnet. Vanlegvis vil oppløyste stoff utan vanskar kunne passere gjennom eit filterpapir. Det kan knytast til spørsmålet om vatn som ser reint ut er reint nok til at vi kan drikke det.
Kommentarer/praktiske tips
Elevane kan undersøkje kor effektive ulike filtertypar er ved å samanlikne sølevatn som har passert gjennom ulike typar filter. Bomull, gasbind og ulike filterpapirvariantar kan brukast. Vatn som ser heilt reint ut kan dampast inn slik at elevane kan sjå noko av det som kan finnast i vatnet sjølv om vatnet ser reint ut.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
- Del klassa inn i grupper på tre elevar.
- Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
- Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
- Elev 3 skal summere opp.