natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
Rusting
Under kva forhold rustar spikrar mest? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Rusting er ein prosess som krev at det er vatn og oksygengass til stades. Fuktige jarnspikrar rustar derfor relativt raskt. Ein jarnspikar som er fullstendig dekt av vatn, vil også ruste, fordi det som regel er løyst oksygengass i vatnet. Men dette vil ta litt lenger tid enn det tek for ein fuktig spikar å ruste i luft. Dersom det er kaldt, vil rustinga skje langsamare enn om det er varmt. Det kan verke som om rusting ”smittar”, men vanlegvis vil ikkje ein rusten spikar få andre spikrar til å ruste raskare.
Kommentarer/praktiske tips
Elevane kan undersøkje fenomenet rusting ved å lage eit oppsett der dei observerer korleis ulike faktorar påverkar danninga av rust. Ved å dekkje metallet med eit lag vaselin, olje eller måling kan dei hindre at både oksygengass frå luft og vatn kjem til. Løyst oksygengass kan fjernast frå vatn ved å koke vatnet i nokre få minutt. For at vatnet skal fortsetje å vere utan oksygengass, må behaldaren det oppbevarast i, bli lukka med eit tett lokk eller ein kork.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
10. trinn
- utforske kjemiske reaksjoner, forklare massebevaring og gjøre rede for betydninger av noen forbrenningsreaksjoner (KM838)
-
7. trinn
- utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)