natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
Søt te
Kva skjer med vekta dersom du løyser opp litt sukker i te? Diskuter utsegnene i grubleteikninga, og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Ei vanleg kvardagsførestelling er at stoff som blir løyst opp i vatn, forsvinn. Sjølv om sukkeret blir usynleg for oss når det blir løyst i teen, blir det ikkje borte. Teen smaker søtt, og vekta av sukkeret og teen blanda vegar det same som om summen av dei to dersom dei blir vegne kvar for seg.
Kommentarer/praktiske tips
Ved å vege både te og sukker før og etter at sukkeret blir løyst i teen, kan elevane observere kva som skjer med vekta. Ein annan måte å vise at sukkeret ikkje har forsvunne, er å dampe inn veldig søt te slik at elevane kan sjå at sukkeret blir liggjande igjen.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
7. trinn
- utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)
- bruke partikkelmodellen til å forklare faseoverganger og egenskapene til faste stoffer, væsker og gasser (KM829)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)