natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
Ballongar
Kva skjer dersom du legg ein ballong i frysaren? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Temaet her er kva som kjenneteiknar luftpartiklar, og korleis temperaturendringar påverkar desse partiklane. Ved lave temperaturar flytter partiklane seg saktare, og dei er tettare pakka saman enn ved høge temperaturar. Det gjer at ballongen får eit mindre volum når temperaturen blir senka. Ved lave temperaturar kan materialet i ballongen bli litt mindre elastisk enn når det er varmt, men det er trykket inne i ballongen som er avgjerande for volumet.
Kommentarer/praktiske tips
Det er ikkje mogeleg å vise elevane at storleiken til partiklane ikkje forandrar seg når temperaturen blir endra. Her vil det vere naturleg at elevane arbeider med ulike informasjonskjelder og at dei diskuterer med utgangspunkt i eigne erfaringar og kjende analogiar. Det kan vere nyttig for elevane å ta utgangspunkt i kvart av utsegnene på arket, for så å gi underbygde forklaringar på kvifor desse utsegnene stemmer eller ikkje stemmer.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
7. trinn
- utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)
- bruke partikkelmodellen til å forklare faseoverganger og egenskapene til faste stoffer, væsker og gasser (KM829)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)