natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- fysikk 1
Lys i lause lufta
Lysstoffrøyret vil ikkje lyse når det blir heldt med begge endar i lik avstand frå den ladde kula på ein Van De Graaff-generator. Men dersom ein ende er nærmare kula enn den andre enden, vil det gå straum i røyret og det vil lyse. Kvifor?
Faglig forklaring
Enkelt sagt: Enden som er nærmast kula har eit høgare elektrisk potensial enn den enden som er lengre borte. Den elektriske spenningsforskjellen mellom endane på lysstoffrøyra, set opp ein straum i røret.
Meir nøyaktig: Ladning flytter seg frå kula gjennom lufta til den delen av lysstoffrøyret som er nærmast, og gjennom røyret til handa di, og så gjennom kroppen til golvet og tilbake til generatoren. Dette utgjer ein lukka krets. Når lampa blir halden i den første posisjonen, er begge endar like langt frå kula og ladning strøymer ikkje gjennom røret og utgjer ikkje ein lukka krets.