natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Diskusjonsoppgave
Passer for
- fysikk 1
Resistans
Samanlikn resistansen i to leiresylindere.
Ta ein klump leire og rull den ut til ein sylinder og bruk eit ohmmeter til å måle resistansen til sylinderen.
No skal du gjere denne leiresylinderen dobbelt så lang og måle resistansen igjen. Samanlikna med resistansen i den første sylinderen, er den nye resistansen
a) uforandra
b) dobbelt så stor
c) fire gonger så stor
d) åtte gonger så stor
e) faktisk mindre
Faglig forklaring
Svar: c) fire gonger så stor.
Resistansen aukar fordi tverrsnittet i leiresylinderen blir mindre, og aukar fordi sylinderen blir lengre. Tverrsnittet blir halvert (som aukar resistansen med ein faktor 2), og lengda blir dobla (som også aukar resistansen med ein faktor 2). Derfor blir resistansen fire gonger så stor.